Gratis prøveperiode av alle appane
Sporlaus er ei samling små appar som gjer éin ting kvar, og som ikkje kjenner deg att neste gong. Alt køyrer i nettlesaren din. Lukkar du fana, har vi ingenting att om kva du gjorde.
Hugs at KI kan ta feil og finne på ting, og at alle appane er i beta: ting kan endre seg, og du kan støyte på feil.
Kva «ingen spor» tyder
-
Verkar utan nett
Når appen er lasta ned, treng han ikkje internett.
-
Du eig det du lastar ned
Vi sel abonnement, men appane du har lasta ned, er dine. Dine data blir hjå deg.
Slik tek du vare på appane -
Ingen sporing
Ingen data vert sende nokon stad eller selde til nokon.
-
Ingen reklame eller store merkevarer og null kjøpepress
Vi viser ingen reklame og promoterer ingen.
Dette gjeld barneappane fullt ut. Dei andre appane er like sporlause utan KI. KI er valfritt, og du kan kople deg på heilt anonymt.
Kven vi er
Sporlaus er ei lita bedrift i oppstartfasen i Vestland. Vi brukar KI til å lage ei samling appar som er nyttige, morosame og lærerike.
Full tilgang er gratis for testarane no. Seinare kjem det eit abonnement. Smakebitane her på sida er opne for alle. Vil du lære å lage appar sjølv, kjem vi til å tilby kurs.
Kontakt
Spørsmål, feil eller eit ønske om ein app? Skriv til oss.
post@