Sporlaus

Du legg ikkje att spor.

Languages
Nynorsk

Spørsmål og svar

Står ikkje spørsmålet ditt her, skriv til post@sporlaus.no.

Korleis tek eg vare på appane?

Appane våre er filer du lastar ned og opnar i nettlesaren. Dei verkar utan nett, men ei fil kan bli sletta ved eit uhell, til dømes når nedlastingsmappa blir rydda.

  • PC og Mac: flytt fila frå Nedlastingar til skrivebordet eller til ei eiga mappe, til dømes «Sporlaus». Opne appen derifrå.
  • Android: flytt fila frå Nedlastingar til ei eiga mappe.
  • iPad og iPhone: opne appen i Safari, trykk på del-knappen og vel «Legg til på Heim-skjerm».

Det barnet har laga, blir lagra i nettlesaren på eininga. Tømmer du nettlesardata (historikk og nettstaddata), kan det bli borte.

post@sporlaus.no