Personvern og lovnaden
Denne sida seier kva vi IKKJE gjer. Det er kortare enn å seie kva vi gjer.
Dette gjer vi ikkje
- Vi samlar ikkje inn opplysningar om deg når du les desse sidene eller brukar appane.
- Vi set ingen informasjonskapslar. Denne sida har ingen.
- Vi brukar ingen analyseverktøy, og vi tel ikkje besøk.
- Vi sender ingenting til ein tredjepart, og vi sel ingenting vidare.
- Vi viser ingen reklame, og vi tek ikkje betalt for å vise deg noko.
- Det barnet eller eleven gjer i ein app, blir verande på eininga. Det kjem aldri til oss.
Det som likevel skjer, sagt rett ut
Eit abonnement som ikkje samlar spor. Du loggar inn med e-postadressa di, det du gjer i appane, blir verande på eininga di.
Vi må ha namn og e-post på abonnentar, for betalingsordning. Du loggar inn med e-post.
Nettlesaren din hentar desse sidene frå ein tenar, og den tenaren ser IP-adressa di, slik kvar tenar på internett gjer. Vi fører ingen logg over det og har slått av all statistikk hjå leverandøren.
Skriv du til post@sporlaus.no, får vi e-posten din. Vi brukar han til å svare deg, og til ingenting anna.
Språkappane kan koplast til ein KI-modell du vel og betalar for sjølv. Då går spørsmålet frå eininga di rett til den leverandøren, ikkje om oss. Vi ser ingenting av det. Denne koplinga er valfri, og appane verkar utan henne.
Vel du lys eller mørk visning, blir det valet lagra i nettlesaren din på denne eininga. Det er ingen informasjonskapsel, det blir ikkje sendt nokon stad, og ingen andre kan lese det. Rører du ikkje knappen, blir ingenting lagra.
Appane med KI treng anten din eigen konto hjå ein KI-leverandør eller ein KI som køyrer på maskina di. Det du skriv til leverandøren, går til dei og ikkje til oss.
Spørjeundersøkinga for testgruppa
Er du med i testgruppa, kan du svare på ei spørjeundersøking om appane. Ho er heilt frivillig, og du kan hoppe over kvart einaste spørsmål.
Det vi får, er svara du skriv, kva språk skjemaet var på, om det er fyrste eller andre gongen du svarar, og datoen. Ikkje klokkeslettet — når gruppa er ti personar, er eit klokkeslett ned til sekundet i praksis eit namn.
Det vi IKKJE får: IP-adressa di, kva nettlesar du har, nokon informasjonskapsel, eller nokon id som knyter dei to svara dine saman. Vil du at vi skal sjå kva som har endra seg frå fyrste til andre gongen, vel du sjølv eit ord og skriv det begge gongene. Vi veit ikkje kven ordet høyrer til.
Skjemaet ber deg om å ikkje skrive namn på barn. Skriv du det likevel, blir det lagra slik det står — vi les ikkje gjennom og fjernar det for deg.
Svara blir sletta seks månader etter siste svar. Dei blir ikkje selde, ikkje delte, og ikkje brukte til noko anna enn å gjere appane betre.
Barn
Barneappane er laga for barn frå tre år. Dei har ingen konto, ingen chat, ingen lenkjer ut av appen og ingenting å kjøpe inne i appen. Ein vaksen skal kunne gje appen til eit barn utan å lese vilkår fyrst.
Endringar
Endrar vi noko av dette, skriv vi det her, med dato. Sist endra 25. september 2026.
post@